torsdag 27. oktober 2011

Hausten er her.....



No er dagane blitt veldig korte, snart skriv vi november på kalendaren.



Inne blir det tid til kortlaging, sjølv om kvardagane er travle nok med lekser og i periodar skytteltrafikk til og frå handballtreningar i Førdehuset.


Været har nok gjort sitt til at ute-tida har vore minimal, men siste veka har det vore flott. Som bildet viser har det vore eit fantastisk nord-lys over vestlandet, dette er fra Viksdalen.



Og apropos Viksdalen, snart er det julemarknad. Spennande å sjå om det vert like god oppslutnad som dei to første åra eg har vore der. Skal iallefall forsøke å lage produkt som har vore populære tidlegare, men og fornye ein del slik at det blir kjekt å vise fram til alle dei kjekke kundane som kjem.


Litt stemning fra Høstvise av Tove Jansson:



Veien heim var lang og tung å ingen har eg møtt,
no bli kveldan kjølige og seine.
Kom å trøst meg en smule for no e eg ganske trøytt,
og med ett så forferdeleg åleine.

Eg merka aldri før at mørke e så stort,
går å tenke på alt det man borde.
Det e så mange ting eg sku ha sagt å gjort,
å det blei så veldig lite eg gjorde.

Eg leita ette nokka som vi glømte bort,
å som du kunne hjelpe meg å finne.
En sommar går forbi den e alltid like kort,
den e drømmen om det vi kunne vinne.

Ynskjer alle ein flott haust vidare, les mange flotte blogginnlegg og finn inspirasjon frå alt det supre som blir vist fram i "blogglandia".